Dei fleste barn i Australia mellom 10 og 15 år brukte i mars i år sosiale medium like ofte som i tida før forbodet tredde i kraft 10. desember i fjor, viser undersøkinga som er utført av eSafety.
Ifølgje det australske internettilsynet kjem dette først og fremst av at teknologiselskapa ikkje har innført effektiv alderskontroll.
Andelen barn og unge med eigne kontoar har rett nok falle frå 52 til 42 prosent sidan forbodet tredde i kraft, men det er høgst usikkert om dette teiknar eit rett bilete av bruken.
– Dei fleste under 16 år som hadde kontoar i sosiale medium før forbodet, klarte anten å behalde dei eller å opprette nye tre månader seinare. Manglande innføring av effektiv alderskontroll i sosiale medium blir oppgitt som hovudårsaka, konstaterer eSafety.
Før internettforbodet tredde i kraft i desember, oppgav 86 prosent av spurde barn at dei nytta minst éi plattform som har aldersgrense. Tre månader seinare låg andelen på 81 prosent, viser undersøkinga.
Rundt 58 prosent av tenåringane oppgir at dei brukar sosiale medium dagleg eller fleire gonger om dagen, ein liten nedgang frå rundt 60 prosent før forbodet.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #104858](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/UAtzQr9Cgg4.jpg)



0 kommentarer