Juli baud på store temperatur- og nedbørskontrastar her til lands. Sør- og Austlandet og dessutan Finnmark var varmare enn normalt, medan det var kjøligare i området frå Rogaland til Troms. Drammen var den varmaste byen i landet, medan Tromsø enda som den kaldaste byen, opplyser Meteorologisk institutt.
Nedbøren var som vanleg ujamt fordelt. Det var generelt våtast i vest og nord, og tørrast i aust og sør, men lokalt terreng skapte store forskjellar. Lurøy i Nordland fekk heile 350 mm nedbør (96 prosent meir enn normalt), medan Skjåk i Innlandet berre fekk 6 mm. I Kristiansand fall det 85 prosent mindre nedbør enn normalt.
Temperaturmessig skilde Vågsbygd seg ut med 3,4 grader over normalen, medan Sætertinden i Nordland var kaldast med 2,9 grader under normalen.
Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel om styrtregn og lyn for delar av Finnmark og Troms i kveld og i natt. Nedbøren vil variere i intensitet, men kan lokalt passere 20 mm på éin time og 30–40 mm på eit døgn.
– Rens sluk og avløp ved fare for overvatn, rår meteorologane.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #104900](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/xh8fzRjVksA.jpg)



0 kommentarer