– Det er moglegheiter for at det blir over 20 grader i ein lang periode, seier vakthavande meteorolog Idunn Hana i Meteorologisk institutt til NTB. Ho snakkar om vêret på Sør- og Austlandet.
Langtidsvarselet for dette området viser makstemperaturar på over 20 grader i tre veker framover – så langt varselet rekk.
– Aust- og Sørlandet får det meste av varmen, slik det ser ut no. Det ser veldig lovande ut for sommarlege dagar og behagelege temperaturar frå Kristiansand og opp langs Oslofjorden. Og i Østfold, forklarer ho.
Godvêret trekkjer dessverre ikkje over fjella mot vest, ifølgje meteorologen. Med unntak av heilt aust i Finnmark spår meteorologen at heile resten av kongeriket går nokre grå og våte veker i møte.
– I Aust-Finnmark er det ganske varmt – mykje varmare enn i Midt-Noreg, Nordland og Troms. I Kirkenes, til dømes, kan det komme opp i 25 grader dei neste dagane.
Grått og vått mange stader
Trøndelag og Nordland har ikkje hatt mykje sommar å skryte av så langt i år, og det er førebels inga betring i vente, ifølgje langtidsvarselet.
– Trøndelag og heile Midt-Noreg har hatt den minst «somrete» sommaren så langt, med få soldagar og låge temperaturar. Det er ikkje så mykje positivt å seie om vekene framover heller. Det blir ein del nedbør og ganske tett med skyer.
Det er mykje lågtrykksaktivitet som treffer trøndelagskysten og bevegar seg nord gjennom Nordland og Troms, forklarer Hana.
– Då blir det mykje låge skyer, mykje gråvêr og mykje regn og yr. Det kjem nok til å halde fram ei stund.
Også heile vestlandskysten frå Rogaland og til og med Møre får ein god del nedbør i dei kommande vekene, opplyser Hana.
Stor fare for skogbrann
Med sommarvarmen på Sør- og Austlandet kjem også skogbrannfaren. Oransje farevarsel gjeld no for delar av Agder og Telemark. Resten av Austlandet, så langt nord som til Lillehammer, blir omfatta av gult farevarsel frå Meteorologisk institutt.
Hana forklarer at vurderinga av skogbrannfaren handlar vel så mykje om kva slags vegetasjon som er i eit område, som nedbør og vêr.
– Det er ein del sletter og opne landskap der det kan bli rottørke raskare enn andre stader. No har vi vurdert at det er såpass stor fare i dei områda at det er oransje varsel fleire stader. Det kjem til å halde fram ei stund til, til det kjem nedbør i noko monn, forklarer Hana.
Meteorologen presiserer at mindre sommarbyer ikkje vil endre skogbrannfaren.
– Når det er så tørt som no, er det ein god del nedbør som skal til for at skogbrannfaren forsvinn. Det må trekkje inn i jorda og gjere vegetasjonen fuktig nok.
Hana ber folk vere svært forsiktige.
– Unngå bål og grilling i utsette område, og tenk ekstra over kvar du stumpar sigarettar, oppmodar meteorologen.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #103421](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/ZpfHQUqQcWE.jpg)



0 kommentarer