Forskingsinstituttet Norce felt for diskriminering for å avvise russisk søkjar

av | 18. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Ein søkjar frå Russland vart to gonger avvist då han søkte jobb i Norce. Forskingsinstituttet er no felt i Diskrimineringsnemnda.

Norce viste til tryggingsomsyn som bakgrunn for avslaget, skriv Khrono.

Hendingane skjedde i 2023. Diskrimineringsnemnda har konkludert med at mannen i begge tilfelle vart diskriminert på grunn av etnisitet.

Mannen har budd i Noreg i fleire år og har doktorgrad frå eit norsk universitet. Han er tilkjend oppreisingserstatning på 25.000 kroner.

Konsernadvokat Helge Tennebø i Norce seier til Khrono at dei ikkje hadde til intensjon å diskriminere.

– Vi prøver å vareta tryggleiken utan å diskriminere. Denne saka var i ein periode med ein litt spesiell tryggingssituasjon for alle, det var vanskelege avvegingar som måtte takast, seier han.

Norce har respekt for Diskrimineringsnemndas avgjerd, seier Tennebø.

– Den er teken, han verkar grundig og gjennomtenkt, så vi tek det med oss vidare.

(©NPK)