Dødsfallet i Bremanger – dødsårsaka samsvarar med fall

av | 11. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Den førebelse obduksjonsrapporten etter at ein mann vart funnen død i Bremanger natt til 2. august, viser at dødsårsaka samsvarer med fall.

Mannen i trettiåra vart natt til søndag 2. august funnen livlaus på nedsida av ein over ti meter høg fjellskrent i Kalvåg i Bremanger. Det vart prøvd livreddande førstehjelp, men mannen vart erklært død på staden.

– Den førebelse obduksjonsrapporten viser at dødsårsaka samsvarer med fall, skriv politiet i ei pressemelding, ifølgje Bergens Tidende.

Ein mann i femtiåra er sikta i saka. Han vart 4. august varetektsfengsla i fire veker, sikta for å ha forlate nokon i ein hjelpelaus tilstand. Mannen erkjenner ikkje straffskuld.

– Den sikta er prega av situasjonen og gir klart uttrykk for at han ikkje kjenner seg igjen i siktinga, seier forsvarar Paul-Inge Angelshaug til avisa.

(©NPK)