(NTB-NPK): Politiet ber om varetektsfengsling for mannen som er sikta etter at ein mann vart funnen livlaus i Bremanger søndag.
Det melder NRK.
Mannen i 50-åra er sikta for å ha forlate ein person i hjelpelaus tilstand. Politiet ber om varetektsfengsling og grunngir det med fare for at bevis kan bli øydelagde.
– Vi ber om fire vekers varetekt med brev- og besøksforbod, og to veker med forbod mot aviser og kringkasting, skriv politiadvokat Farzad Izadi til NRK.
Det var ein mann i 30-åra som vart funnen på nedsida av ein fjellskrent på ti meter. Det vart sett i verk livreddande førstehjelp, men livet stod ikkje til å redde, og han vart erklært død på staden.
Politiet vart kontakta av kameratar av mannen klokka 5.10 natt til søndag. Dei hadde ikkje fått kontakt med han og hadde ikkje sett han sidan i 1-2-tida, då han forlét ein fest.
(©NPK)


0 kommentarer