Frp held fram med å vekse – 30,6 prosent på ny måling

av | 11. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Framstegspartiet (Frp) er framleis det klart største partiet på Norstats måling for august. Frp-leiar Sylvi Listhaug kan gle seg over solide 30,6 prosent på målinga.

Målinga, som er utført av Norstat for NRK, Dagbladet og Vårt Land, viser at Frp veks 0,5 prosentpoeng frå juni-målinga og får ei oppslutning på 30,6 prosent.

– Det er ei veldig høg oppslutning. Men samtidig er dette ei måling, og det som tel i Noreg, er valresultat. Det er mange år til neste stortingsval, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug til NRK.

Høgre får støtte frå 14,7 prosent av veljarane i målinga, men er framleis under halvparten så stort som storesøster Frp. Arbeidarpartiet, som ifølgje målinga er det nest største partiet i landet, får ei oppslutning på 22,5 prosent.

For dei mindre partia er det stort sett mindre endringar, men KrF gjer eit solid hopp på 1,3 prosentpoeng til 4,2 prosent – og ligg med det over sperregrensa.

Målingane i sin heilskap ser slik ut, med endring frå sist måling i parentes:

Frp 30,6 (+0,5), Ap 22,5 (+0,1), Høgre 14,7 (+0,9), Raudt 7,9 (+0,5), Sp 5,2 (-0,5), SV 4,3 (-0,9), KrF 4,2 (+1,3), MDG 3,9 (-0,2), Venstre 3,9 (-0,3).

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar