SV vil ha tysk modell for pumpeprisar – truar med millionbøter

av | 11. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): SV ser til Tyskland for å få slutt på kraftige prissvingingar på drivstoff. Partiet vil mellom anna nekte bensinstasjonar å skru opp prisane meir enn éin gong i døgnet.

– Dette handlar om å få meir føreseielegheit. Det skal ikkje vere slik at du må vakte over bensinstasjonen for å få med deg når prisen er høg og låg. Bensinmarknaden har vorte eit spel der vanlege folk må gjette seg til når dei skal fylle tanken, seier finanspolitisk talsperson for SV Marthe Hammer til VG.

SV foreslår at bensinstasjonar berre får setje opp prisane éin gong om dagen, presis klokka 12, og dessutan at dei må rapportere prisane til ei offentleg prisoversikt.

Dei mest radikale forslaga frå partiet er likevel moglegheita til å bøteleggje stasjonar som bryt reglane. I Tyskland blir dei grovaste brota straffa med opptil 100.000 euro, tilsvarande rundt 1 million kroner.

– Bot er ein naturleg sanksjon, men satsen er Konkurransetilsynet meir skikka til å setje enn oss på Stortinget, seier Hammer.

Bakgrunnen er at avgiftskutta på drivstoff går ut 1. september, noko som vil auke pumpeprisane markant. SV meiner reguleringar er betre enn avgiftskutt, som dei kallar lite treffsikkert og dyrt.

Framstegspartiet avviser forslaget kontant.

– Det folket og bedrifter treng, er ikkje meir byråkrati og reguleringar slik SV foreslår, men lågare avgifter slik Frp foreslår, slik at dei får behalde meir av sine eigne pengar, skriv finanspolitisk talsperson for partiet Hans Andreas Limi i ein e-post til VG.

(©NPK)