Digdir: Ser ut til at dataangrepet mot offentlege tenester er avslutta

av | 27. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Mykje tyder på at dataangrepet som har vart i fleire dagar og mellom anna ramma ID-porten, no er avslutta, opplyser Digdir.

– Løysingane våre har fungert i stor grad som normalt gjennom natta, og trafikken tek seg opp på vanleg måte utover dagen. Det er berre noko trafikk frå utlandet som framleis har hatt driftsforstyrringar som følgje av angrepet, skriv dei i ein oppdatering.

Angrepet starta natt til måndag klokka 3.38 og stoppa ved 19.30-tida onsdag kveld, ifølgje Digitaliseringsdirektoratet (Digdir).

Det er venta normal drift i løpet av dei næraste dagane.

(©NPK)