Nye russiske droneangrep mot Kyiv

av | 27. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Russland angreip fleire mål i den ukrainske hovudstaden Kyiv med dronar torsdag formiddag. Det vart høyrt fleire eksplosjonar, men det er ikkje meldt om drepne.

Angrepa inngår i den russiske strategien om å gå etter sivile mål på dagtid, ein tendens som har forsterka seg dei siste vekene. Nesten dagleg har flyalarmen varsla om innkommande dronar og rakettar.

Ein AFP-journalist melder om ei rekke eksplosjonar rundt om i hovudstaden og fleire rundar med flyalarm. I sosiale medium ligg det fleire videoklipp som viser store, svarte røykskyer som stig mot himmelen.

Også natt til torsdag kom det inn meldingar om angrep frå heile landet. Leiaren for storbyregionen Kyiv, Tymur Tkatsjenko, seier at det kom dronar og rakettar spreidde gjennom heile natta, og at fleire varehus var mål.

I den nordaustlege Sumy-regionen melde lokale styresmakter at éin person hadde vorte drepen og fleire skadde i løpet av natta. Det vart også meldt om skadar i hamnebyen Odesa og andre byar nærare fronten.

– Fienden angrip bussar og kommunikasjon i fullt dagslys medan folk flest held på med dei daglege gjeremåla sine, seier Jaroslav Sjanko, leiaren for byadministrasjonen i Kherson.

(©NPK)