Det er sjette dagen på rad at Kyiv er ramma av kraftige angrep frå Russland.
Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj opplyser at til saman tolv menneske, inkludert éin indisk statsborgar, er drepne i angrep i Ukraina tysdag.
Tilsette drepne.
I hovudstaden vart éin person drepen i Holosiivskyj-distriktet, og sju personar vart drepne i Darnytskyi-distriktet. I tillegg vart fire personar, blant dei to barn, skadde i droneangrep i Solomjanskyi-distriktet, opplyser Kyiv-ordførar Vitali Klitsjko.
Seks av dei drepne var tilsette i jernbaneverket, opplyser sjefen for Ukrainske jernbanar, Oleksandr Pertsovsjyj, i ei melding i sosiale medium. I tillegg til dei drepne er ein tilsett innlagd på sjukehus.
Pertsovsjyj fortel om store materielle skadar ved jernbaneanlegga i Kyiv.
– Men alt det er ingenting samanlikna med det forferdelege tapet av kollegaene våre – vi er i kontakt med pårørande deira. Vi står saman for å komme gjennom denne ekstremt vanskelege tida, skriv han.
Fleire veker med angrep.
Russlands forsvarsdepartement sa at styrkane gjennomførte eit «massivt angrep» mot Ukraina i løpet av natta med presisjonsstyrte våpen og langtrekkjande dronar. Angrepet var retta mot anlegg som produserer og lagrar våpen og dessutan militærrelatert infrastruktur, ifølgje uttalen.
Ukrainas luftforsvar hadde tidlegare åtvara om at faren for «ballistiske våpen og andre angrepsmiddel mot Kyiv og regionen framleis gjeld» og oppmoda innbyggjarane til å halde seg i tilfluktsrom.
Angrepet kjem etter fleire veker med omfattande russiske droneangrep mot Kyiv og områda rundt. Somme dagar har flyalarmen gått opptil tolv gonger i hovudstaden, mellom anna som følgje av nye jetdrivne dronar.
Russland angreip også to lasteskip som frakta krigsmateriell i hamnebyen Pivdennyj nær Odesa i Svartehavet, opplyser Russlands forsvarsdepartement.
Angrep mot oljeanlegg.
Det er også meldt om ukrainske droneangrep i Novokujbysjevsk i Samara-regionen i Russland. Fleire av Russlands oljeraffineri, drivne av det statlege oljeselskapet Rosneft, held til i dette området.
Ukraina angreip også eit oljeprosesseringsanlegg i Leningrad-regionen ved Austersjøen.
– Ukraina øydela oljeprosesseringseiningar ved russiske Novateks Ust-Luga-anlegg tysdag, skriv den militære etterretningstenesta i landet på Telegram.
I tillegg vart éin person drepen i eit ukrainsk droneangrep i den russiske Belgorod-regionen nær grensa til Ukraina, opplyser lokale styresmakter.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #115011](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/pMKghc-iSRo.jpg)



0 kommentarer