(NPK-NTB):Mykje tyder på at dataangrepet som har vart i fleire dagar, og mellom anna ramma ID-porten, no er avslutta, opplyser Digdir.
– Løysingane våre har fungert i stor grad som normalt gjennom natta, og trafikken tek seg opp på vanleg måte utover dagen. Det er berre noko trafikk frå utlandet som framleis har hatt driftsforstyrringar som følgje av angrepet, skriv dei i ei oppdatering.
(©NPK)




0 kommentarer