(NPK-NTB): To personar er døde og fleire er kritisk skadde etter at ein mann køyrde ein bil inn i ei folkemengde i den nordfranske byen Caen onsdag kveld.
Det blei først meldt at éin person var død og ti skadde, og tilstanden var kritisk for sju av dei. Torsdag opplyste fransk politi at endå éin person var død.
Sjåføren, ein 26 år gammal mann som er fødd i Russland, flykta frå åstaden, men blei seinare pågripen om lag 20 kilometer frå Caen nordvest i landet. Det er mistanke om at han medvite køyrde inn i folkemengda like ved ein trikkehaldeplass.
Ei politikjelde har oppgitt at det like før blei meldt om ein slåstkamp i området.
Ifølgje politiet er fleire av offera utanlandske statsborgarar frå mellom anna Afghanistan, Egypt og Bangladesh. Alle er menn mellom 17 og 40 år, opplyser lokale styremakter.
(©NPK)




0 kommentarer