Isblokka landa på den nepalske sida av grensa etter å ha losna frå kanten av ein isbre 5200 meter lenger oppe, konstaterer ekspertar dagen etter at katastrofen ramma.
– Den forvandla seg til denne rasande massen av rusk og rask, som riv med seg steinar, jord og tre og alt som står i vegen, for så å slynga seg nedover gjennom kløfta, seier Simon Cox, seniorforskar ved GNS Science på New Zealand.
Den massive veggen med vatn og jordmassar trefte først ein grensestasjon. Dramatikken vart fanga av eit overvakingskamera, som viser korleis folk spring for livet utan sjanse til å sleppa unna.
Styrtflaumen heldt deretter fram vidare inn i Nepal, der han reiv med seg landsbyar, bruer og bygningar.
Kollapsen var så stor at han vart registrert som eit jordskjelv med ein styrke på 5,2. Men etter nærare undersøkingar konkluderte US Geological Survey med at det i staden dreidde seg om ein isbre som kalva.
Torsdag var det funne over 350 omkomne i Nepal, ifølgje politiet i landet. Tidlegare er det meldt at over 1300 menneske er sakna i Nepal og Tibet, og mange av dei er utanlandske turistar.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #113302](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/VugUodKN4I.jpg)



0 kommentarer