Meldinga er også retta direkte til Noregs nye konge.
– Faren din har hatt mykje å seie for mora mi og for oss, heiter det i eit brev som er offentleggjort på nettsidene til det danske kongehuset.
– Onkel Harald kunne med det lune vesenet sitt og den klippefaste roa si få alle til å slappe av i selskapet sitt. Han var eit fint menneske med eit glimt i auget og eit stort hjarte, heiter det vidare.
– Dei dansk-norske banda er sterke. Gjennom generasjonar har familiane og landa våre vore tett knytte. Faren din er eit fint bilete på alt det som er med på å knyte oss saman, skriv kong Frederik vidare retta til Noregs nye monark.
– Må tru, håp og kjærleik følgje deg og gi deg styrke på din veg, avsluttar det danske kongeparet brevet.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #113676](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/k8yfH62Tpzg.jpg)



0 kommentarer