Unicef: Nesten 4000 barn drepne eller skadde i Ukraina i løpet av krigen

av | 26. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Over 3900 barn er drepne eller skadde i russiske angrep sidan invasjonen i 2022, melder Unicef. Berre dei siste dagane er 26 barn drepne eller skadde.

16 menneske vart drepne og 140 skadde, blant dei 23 barn, i eit russisk angrep på eit kjøpesenter i Kryvyj Rih 21. august. Same dag vart tre barn drepne i eit angrep på Mykolajev.

Dei siste angrepa finn stad etter at det vart meldt om eit rekordhøgt tal på drepne og skadde barn i russiske angrep i juli, då 17 barn vart drepne og 166 skadde, ifølgje FN. Det var ein auke på 49 prosent frå månaden før.

– Barn blir drepne og skadde i heimane sine, på leikeplassar og i lokalsamfunna sine. Skular og sjukehus er mål for angrep. Altfor mange barneliv blir avbrotne eller endra for alltid. Dette er uakseptabelt. Barn treng fred, seier Unicef-representanten i Ukraina Anne-Claire Dufay.

3946 barn er drepne eller skadde sidan krigen vart trappa opp med den russiske invasjonen i februar 2022, ifølgje FNs statistikk. Men det verkelege talet er truleg høgare.

(©NPK)