16 menneske vart drepne og 140 skadde, blant dei 23 barn, i eit russisk angrep på eit kjøpesenter i Kryvyj Rih 21. august. Same dag vart tre barn drepne i eit angrep på Mykolajev.
Dei siste angrepa finn stad etter at det vart meldt om eit rekordhøgt tal på drepne og skadde barn i russiske angrep i juli, då 17 barn vart drepne og 166 skadde, ifølgje FN. Det var ein auke på 49 prosent frå månaden før.
– Barn blir drepne og skadde i heimane sine, på leikeplassar og i lokalsamfunna sine. Skular og sjukehus er mål for angrep. Altfor mange barneliv blir avbrotne eller endra for alltid. Dette er uakseptabelt. Barn treng fred, seier Unicef-representanten i Ukraina Anne-Claire Dufay.
3946 barn er drepne eller skadde sidan krigen vart trappa opp med den russiske invasjonen i februar 2022, ifølgje FNs statistikk. Men det verkelege talet er truleg høgare.
(©NPK)



0 kommentarer