– Dette angrepet er to–tre gonger større enn det førre vi hadde, men vi har i stor grad klart å halde løysingane i drift, seier pressevakt Are Kvistad til NTB klokka 8.15 tysdag.
Problema med tenestenektangrepet (DDoS-angrep) starta klokka 3.38 natt til måndag og utover morgonen. Etter ein periode med kontroll, kom ei forverring utover kvelden. Digdir opplyste før midnatt at det gjekk inn i natta med avgrensingar som følgje av dette.
Gått føre seg i meir enn eitt døgn
– Status no på morgonen er at vi har fått beskjed om at angrepet går føre seg med full styrke. Det har gått føre seg i 30 timar no. Vi må berre følgje med og vente og sjå, seier Kvistad.
Ifølgje han har det likevel vore stabil bruk av fellesløysingane deira gjennom natta, trass angrepet.
– Bruken er også på veg opp som normalt på morgonen, det er vanleg på kvardagar.
Klokka 8.45 gjekk angrepet framleis føre seg, opplyser direktoratet.
– Vi har avventa litt oppdatering for å sjå an trafikken på morgonen, og det ser ut til at tenestene våre er stabile i dag med dei tiltaka dei har innført, heiter det vidare.
Fleire ramma
Ti tenester har vore omfatta av problema, blant dei ID-porten, MinID, Altinn og E-innsyn. Etter angrepet starta natt til måndag, betra situasjonen seg utover måndag morgon og formiddag, før forverringa på kvelden.
– Det er typisk at slike angrep kjem i bølgjer, seier Kvistad.
Han legg til at det tek litt tid før alt vil vere oppe og gå sjølv etter at problem er løyste.
– Når det oppstår problem éin stad, forplantar det seg ein annan stad. Derfor kan fleire av tenestene ha avgrensingar og driftsforstyrringar slik at brukarar og verksemder i verste fall vil oppleve litt ventetid.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112373](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/t3Y0kSivqIE.jpg)



0 kommentarer