Konkurransetilsynet skriv i ei pressemelding at dei sidan 2022 har etterforska om KLP har misbrukt den dominerande stillinga si i marknaden for offentleg tenestepensjon. No har tilsynet gjort vedtak i saka.
– Vi meiner at KLP har skadd konkurransen gjennom aktiv og målretta påverknad av kommunar for å få dei til å avstå frå å setje offentleg tenestepensjon ut på anbod. Dette kan ha ført til høgare kostnader og dårlegare kvalitet på tenestene for kommunane, seier konkurransedirektør Mads Magnussen.
Mangussen seier at KLP derfor har foreslått tiltak som kjem bekymringane til tilsynet i møte, sjølv om Konkurransetilsynet ikkje har konkludert med at det ligg føre brot på konkurranselova.
– KLP har foreslått tiltak som kjem bekymringane til i møte, vi meiner desse tiltaka gjer KLP betre, skriv KLPs konsernsjef Sverre Thornes i ein e-post til NTB.
Vidare opplyser han at KLP er glad for at Konkurransetilsynet har avslutta saka etter fire år med undersøkingar og at KLP har sett pris på ein god og konstruktiv dialog med konkurransetilsynet heile vegen.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112379](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/UP7IQn5Ojic.jpg)


0 kommentarer