Syria ute av USAs terrorliste: – Legg bak oss eit mørkt kapittel

av | 25. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): USA strauk Syria frå lista over land som sponsar terrorisme måndag kveld. Syrias president Ahmed al-Sharaa er fornøgd med å leggje det bak seg.

– I dag legg Syria bak seg eit mørkt og smertefullt kapittel i historia, på veg mot utvikling, rekonstruksjon og gjenoppbygging, sa Sharaa i ein tale.

Sharaa leidde opprørarane som i desember 2024 rykte inn i Damaskus og styrta president Bashar al-Assads mangeårige regime, og han er i dag den fungerande presidenten i landet.

Samtidig med at amerikansk UD måndag strauk Syria frå terrorlista, følgde det amerikanske finansdepartementet opp og lempa på sanksjonane mot landet.

– Sjølv om utfordringar står att, er eg imponert over framgangen som er gjort. Noreg er stolt av å støtte opp om dette, sa utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) som for tida er på besøk i Syria.

(©NPK)