(NPK-NTB): Arbeidsløysa i Noreg fall til 4,5 prosent i juli, viser nye tal frå SSB. Fleire unge har komme i arbeid.
Det var 138.000 arbeidsledige personar i juli, som svarer til 4,5 prosent av arbeidsstyrken, skriv SSB i den månadlege Arbeidskraftundersøkinga (AKU).
– Etter at arbeidsløysa ei stund har lege på 4,7 prosent, viser dei siste tala at ho har komme ned på 4,5, seier seksjonssjef Tonje Køber i SSB.
Blant personar i alderen 15–24 år er det registrert ein auke i sysselsetjingsgrada på 1,1 prosentpoeng og ein nedgang i arbeidsløysa på 0,6 prosentpoeng.
I første halvår auka talet på jobbar med 6500 i Noreg, ein auke på 0,2 prosent. Flest nye jobbar kom innan helse- og sosialtenester og offentleg administrasjon. Innan bygg- og anleggsbransjen vart det 1450 færre jobbar i første halvår.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112344](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/rO3JvW4gYeA.jpg)



0 kommentarer