Utanriksministeren på Island vil forhandle om fisk først

av | 25. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Dersom islendingane seier ja til EU-forhandlingar om medlemskap, står fiskeri øvst på lista til utanriksministeren.– Eg vil starte med desse kapitla. Det står mykje på spel, seier utanriksminister Thorgerdur Katrin Gunnarsdottir til den islandske kringkastaren RUV. – Det er viktig å starte med dei mest vanskelege tinga først, seier
(NPK-NTB): Dersom islendingane seier ja til EU-forhandlingar om medlemskap, står fiskeri øvst på lista til utanriksministeren.

– Eg vil starte med desse kapitla. Det står mykje på spel, seier utanriksminister Thorgerdur Katrin Gunnarsdottir til den islandske kringkastaren RUV.

– Det er viktig å starte med dei mest vanskelege tinga først, seier ho.

Island krev mellom anna full kontroll over kvotar og kvotetildeling og framleis restriksjonar på utanlandsk eigarskap.

– Vi bør straks få greie på kor langt EU er villig til å gå, seier Gunnarsdóttir.

Forhandlingane er nemleg avhengige av at ein greier å komme til ein akseptabel avtale om fisk. Skjer ikkje det, er Island klar til å droppe vidare forhandlingar, fastslår Gunnarsdóttir.

Samtidig understrekar ho at det er andre tider og at EU har endra seg fundamentalt sidan Island første gong søkte om medlemskap i 2009.

Mellom anna har britane forlate EU. For 40 år sidan utkjempa Island fleire torskekrigar mot nettopp Storbritannia.

– Det gjer posisjonen vår langt sterkare. I lys av samtalane mine med både kollegaer og kommisjonen er eg optimistisk, seier Gunnarsdóttir.

(©NPK)