Nordmenn kan kjøpe meir bensin no enn i 2006 – likevel er drivstoffdebatten brennbar

av | 21. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Maria Möhring): Bensinprisane er relativt sett lågare no enn for 20 år sidan – også utan avgiftskutta. Sjefanalytikar Thina Saltvedt i Nordea stiller seg undrande til bensinhysteriet.

Ferske SSB-tal viste onsdag at juli hadde dei høgaste bensinprisane sidan dei mellombelse avgiftskutta tredde i kraft i april. Prisen på ein liter bensin auka med 6 prosent frå juni til juli, og enda på 19,59 kroner.

Likevel er bensinen billegare no enn for 20 år sidan, justert for kjøpekraft.

Billigare bensin enn i 2006

I 2006 hadde nemleg Ola Nordmann ei gjennomsnittleg månadslønn på rett under 31.600 kroner, ifølgje SSB. Éin liter blyfri 95 kosta i snitt 11,45 kroner dette året.

Ola kunne altså kjøpt 2760 liter bensin for éi månadslønn.

I år, berekna ut frå dei siste lønnstala til SSB frå 2025, har Kari Nordmann ei gjennomsnittleg månadslønn på om lag 62.000 kroner.

I juli i år kunne ho dermed kjøpt 3165 liter bensin for ei månadslønn – over 400 liter meir enn Ola kunne i 2006.

Også utan avgiftskutta er bensinprisane lågare no enn for 20 år sidan. Snittprisen frå årsskiftet til avgiftskutta vart innført i april var på 21,20 kroner per liter.

Utan avgiftskutt kunne Kari framleis kjøpt 165 fleire liter bensin no enn i 2006.

– Forstår ikkje kvifor folk irriterer seg

Thina Saltvedt, sjefanalytikar innan energi og berekraft i Nordea, stiller seg undrande til at den politiske debatten i ei dyrtid som denne dreier seg om éi av få varer som trass alt har vorte billegare, når ein tek høgd for lønnsveksten.

– Eg forstår ikkje kvifor folk irriterer seg så mykje over det. Nordmenn brukar ikkje like mykje av lommeboka på drivstoff no som dei gjorde før. Eg stussar over at folk ikkje er meir irriterte over matvareprisane enn dei er over drivstoff, seier ho til NTB.

– Vi er vande med å følgje med på storleikar som endrar seg. Matvareprisane svingar òg, men vi godtek den forklaringa. Kanskje heng drivstoff-fokuset igjen frå då bensinutgiftene utgjorde meir for eit hushald enn det gjer i dag, spekulerer ho.

– Bør hjelpe dei som har det vanskelegast

Senterpartiet har fleire gonger hevda at drivstoffdebatten er ein konflikt mellom by og land. Økonomen ser det annleis.

– Dei som er heilt avhengige av bilen, vil jo merke prisaukane stort når dei ikkje har alternative transportmiddel. Men samtidig er andre levekostnader ofte lågare på landet enn dei er i byane.

Saltvedt tek heller til orde for ei meir målretta ordning enn dei generelle avgiftskutta som gjeld no.

– Slike ordningar treff jo alle som køyrer bil. Det er ikkje gitt at det er naudsynt. Det ville vore meir interessant å ta for seg gruppa med dårlegast lønnsutvikling. Det er kanskje dei ein heller burde bruke pengane på, i staden for å hjelpe alle tvers over. Vi andre må kunne tole litt svingingar i kostnadene våre.

– Staten skal jo ikkje inn og hjelpe oss med alle kostnader som endrar seg heile tida. Slike ordningar bør jo vere for å hjelpe dei som absolutt har det vanskelegast. Det ville kanskje gjort at ein trefte betre med slike verkemiddel òg, meiner ho.

Kranglar om forlenging

Senterpartiet gjekk saman med Frp, Høgre og KrF for å sikre fleirtal for avgiftskutt for drivstoff i mars. Frå og med 1. april vart vegbruksavgifta sett til null, noko som gjorde at bensinprisen vart sett ned med 4,41 kroner per liter.

Dei mellombelse kutta gjeld fram til 1. september.

Framstegspartiet og Senterpartiet ønskjer å forlengje avgiftskutta, medan Høgre no har snudd. Dermed har ikkje borgarleg side fleirtal for å forlengje kutta etter 1. september.

Raudt var det einaste partiet på raudgrøn side som er ope for å forlengje kutta.

(©NPK)