– Verda er så usikker. Ho er så utrygg. Diesellagera er så tomme at prisane veldig fort kan bli skyhøge gjennom hausten, seier Vedum.
Torsdag klokka 12 møtest dei raudgrøne partia på Stortinget for å diskutere drivstoffprisane, etter at Senterpartiet har kravd at dei mellombelse kutta i bensin- og dieselavgiftene blir forlengde utover 1. september.
Avgiftskutta vart innførte av Sp i allianse med dei borgarlege partia i mars.
– Verda er like uroleg og utrygg no som ho var i mars, seier Sp-leiaren til NTB.
Overfor Dagens Næringsliv har Vedum antyda at det er dieselavgiftene som er viktigast for partiet, og at situasjonen ikkje er like prekær for bensin.
Han understrekar at dei ønskjer å føre vidare begge avgiftskutta.
– Vi meiner at ein skal kutte både bensin og diesel. Diesel er endå meir sårbart enn bensin, fordi vi ser at lagera er låge. Men vi ønskjer å kutte både på bensin og diesel, seier Sp-leiaren.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #106591](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/lf7g00t7cbE.jpg)



0 kommentarer