Ny skogbrann i Spania

av | 19. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-AFP): Brannmannskap kjempar mot ein ny skogbrann vest for Madrid, berre veker etter nokre av dei verste brannane i regionens historie.

Ni brannfly deltek i kampen mot brannen, som braut ut nær Aldea del Fresno, rundt 50 kilometer vest for Madrid, opplyser naudetatane.

Styresmaktene har beordra dei rundt 3500 innbyggjarane i Aldea del Fresno til å halde seg innandørs, og fleire bustader i utkanten av byen er evakuerte.

Det er gode forhold for brannen, med temperaturar opp mot 36 grader i tillegg til sterk vind, som blæs liv i flammane.

Førre månad tvinga skogbrannar som herja gjennom det vestlege Madrid og den tilgrensande provinsen Ávila, nærare 60.000 menneske til å evakuere, inkludert innbyggjarane i Aldea del Fresno.

Brannane la rundt 270 kvadratkilometer land aude i 17 kommunar i Madrid-regionen åleine.

Fleire land i Europa har opplevd ekstrem sommarhete i år, noko som har bidrege til ideelle forhold for ei rekke skogbrannar som har herja på kontinentet.

Forskarar seier at klimaendringar, drivne av forbrenning av fossilt brensel, aukar lengda, hyppigheita og intensiteten av slikt ekstremvêr.

(©NPK)