Krev fengsel for tyske turistar som stifta brannar i Lofoten

av | 12. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): To turistar har erkjent å ha stifta fem brannar i Lofoten i fjor. No risikerer ein av dei lang fengselsstraff etter mordbrannparagrafen, skriv NRK.

To tyske menn er tiltalte for å ha starta opptil fem brannar i Laukvik i Vågan kommune i Lofoten i fjor sommar. Onsdag ber aktor om to år og åtte månaders fengsel for den eine mannen, og åtte månaders fengsel for den andre, skriv kanalen.

I løpet av ni dagar vart bygda Laukvik i Vågan, heilt aust i Lofoten, ramma av fleire mystiske brannar. Det førte til at 20-30 lokalkjende mobiliserte seg på Facebook, spora opp og omringa to tyske menn som starta brannane, før politiet kom til staden.

Først brann det i fleire fiskekar, så eit kapell på ein kyrkjegard og så i eit vedskjul som ligg vegg i vegg med eit hus. Mordbrannparagrafen vart utløyst som følgje av at det oppheldt seg to personar i huset då vedbua vart påtend.

Då rettssaka starta i Salten og Lofoten tingrett måndag, erkjende begge dei to at dei stod bak dei fem brannane. Dei står begge tiltalt for grovt skadeverk og brot på brannvernslova. Éin er også tiltalt for brot på den såkalla mordbrannparagrafen, som har ei minstestraff på to års fengsel. Mannen nektar straffskuld for dette punktet. Ingen av dei er tidlegare straffedømde.

I løpet av rettssaka kom det fram at politiet fann skjulte mapper på telefonane til begge dei tiltalte, der det låg bilete av fleire av brannane. Mellom anna bilete av brannen som skal ha øydelagt tørrfisk for ein million kroner ved Saga Fisk.

Dei to tiltalte vart også etterforska for ein serie brannar på Frøya i Trøndelag sommaren 2024, der det brann på sju ulike stader på elleve dagar. Denne saka vart lagd bort av politiet.

(©NPK)