Det er Dansk Folkepartis leiar Morten Messerschmidt som har saksøkt ein av sine argaste politiske motstandarar for ærekrenkingar: Martin Lidegaard frå sentrumspartiet Radikale Venstre.
Hudfarge eller ikkje hudfarge
Den aktuelle uttalen vart sett fram av Lidegaard under eit debattmøte i Randers i november i fjor. Her skulda han DF-leiaren for å ville utvise og deportere tusenvis av danske statsborgarar fordi dei har ein annan hudfarge. Utsegna kom i kjølvatnet av ein artikkel i Weekendavisen der Messerschmidt snakka om utvising av kriminelle utlendingar og utlendingar som ikkje kan forsørgje seg sjølve.
Messerschmidt reagerte sterkt på skuldinga, for ifølgje han handlar ikkje remigrasjon først og fremst om hudfarge, men om kultur, verdiar og opphav.
Endrar retorikk
Under rettsmøtet tysdag sa Messerschmidt at folk med ein annan hudfarge ikkje skal skamme seg. Han tok også avstand frå det omstridde omgrepet og sa at han no heller vil bruke «heimreiseutspel».
Lidegaard sjølv er overtydd om at han blir frifunnen, skriv avisa Berlingske, som følgde rettssaka. Forsvararen hans, René Offersen, sa under møtet at saka har eit komisk skjer ettersom det er Messerschmidt, ikkje Lidegaard, som etter hans meining har brukt polariserande retorikk og fleire gonger gått hardt ut mot muslimar frå Midtausten og Nord-Afrika.
– Udansk rettssak
Somme kommentatorar meiner at saka aldri burde hamna i retten. I ein kommentar tysdag kallar Politikens sjefredaktør Christian Jensen injuriesaka for udansk og urovekkjande «fordi politisk usemje skal utkjempast i det offentlege rom og ikkje i ei rettssak på Frederiksberg». Redaktøren skuldar også Messerschmidt for å ha gjort seg til «Donald Trumps danske praktikant».
Saka har fått stor merksemd i Danmark, men rettssaka varte berre éin dag, og først 16. oktober blir dommen klar – då utan at partileiarane må møtast i retten igjen, ifølgje nyheitsbyrået Ritzau.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #110241](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/6F6zwKG2Cgw.jpg)



0 kommentarer