Poppe har filmatisert Jon Fosses einaste filmmanus i ein film som har fått namnet «Kjærast», medan Moland tek for seg Knut Hamsuns evige «Markens grøde». Fellesnemnaren? Begge tek for seg kjærleik under vanskelege forhold.
Filmane kjem høvesvis 18. september og 30. oktober.
Funne tilbake
Dei er del av ein filmhaust som tel 19 norske kinopremierar og som følgjer i kjølvatnet av ein sommar der folk har funne vegen tilbake til kinoane – mellom anna på grunn av storfilmar som «Odyssey».
– Folk vil framleis gå på kino når filmane gir dei ein grunn til det. Og kanskje treng vi også dei felles opplevingane kinoen gir oss. Å sitje i eit mørkt rom saman med andre, sjå den same historia – og snakke om den etterpå. Det lovar godt, sa Kjersti Mo, direktør i Norsk filminstitutt, under presentasjonen tysdag:
– Og det fine med denne filmhausten er breidda.
Filmsøstre i nye filmar
For det blir nye norske barnefilmar, julefilmar, thrillerar, komediar og debutfilmar. Noregs nye, store filmstjerne Renate Reinsve er å sjå i to av dei nye filmane i haust, både norske «Butterfly» og den rumenske samproduksjonen «Fjord», som vann Gullpalmen i Cannes.
Også filmsøster hennar frå «Affeksjonsverdi», Inga Ibsdotter Lilleaas, er aktuell i sin første film sidan Oscar-nominasjonssuksessen: «Small Talk», som blir skildra som ein tragikomisk julefilm på lågbudsjett, basert på ein kortfilm, om det å komme heim og kjenne seg framand.
Eldre og unge
Det reine elitelaget av veteranskodespelarar – med Anne Marie Ottersen, Hege Schøyen og Anette Hoff i spissen – blir å sjå i «Pensjonskuppet», om tre godt vaksne damer som bestemmer seg for å rane Oljefondet.
Heilt i den andre enden av aldersskalaen er «Suser avgårde», om fire venner i 20-åra – ein av dei spelt av Sarah Francesca Brænne – som motvillig må bli vaksne og finne sin plass. Det skjer visuelt inspirert av deLillos-låtar når Rikke Gregersen («Rekviem for Selina») gjer sin debut som spelefilmregissør.
Animasjon og dokumentar
Det vankar eit knippe animasjonsfilmar òg, alle nærare jul:
«Julenissens verksted» og «Bukkene Bruse drar til syden» frå Qvisten Animation, medan Harald Zwart trør til med vikingjentefilmen «ViQueens». Sistnemnde har eit budsjett på 73 millionar kroner og internasjonale ambisjonar, der popstjerna Rita Ora låner stemme til høvdingdottera på engelsk og skal gi ut singel til hausten.
Fem dokumentarar – i spennet frå fjellklatringsdrama med Kristin Harila til samisk vindkraftmotstand og dei kvinnelege black metal-artistane i Hex – vart også presenterte under Filmhøsten-arrangementet på Filmens Hus i Oslo.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #110237](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/uuQhsZmQ2ak.jpg)



0 kommentarer