MDG vil forby fossilreklame

av | 17. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): MDG vil fremje eit stortingsforslag om å forby reklame for fossil energi, bensin- og dieselbilar, cruise og flyreiser – tilsvarande forbodet mot tobakksreklame.

Utsleppa truar folkehelsa, argumenterer Frøya Sjursæther i MDG overfor Bergens Tidende.

– Skogbrannar og ekstremvêr tek livet av folk – også på vårt eige kontinent. Då skulle det berre mangle at fossilselskapa ikkje får lov til å reklamere for produkta som forårsakar klimaendringane, seier ho.

Forslaget får lita støtte på Stortinget. Aps Mani Hussaini, som leier energi- og miljøkomiteen på Stortinget, seier partiet heller vil satse på forslag som kuttar utslepp direkte og skaper jobbar.

Aleksander Stokkebø i Høgre, fraksjonsleiar i same komité, kallar forslaget «rein og typisk symbolpolitikk» og viser til norsk gass som avgjerande for europeisk energitryggleik.

(©NPK)