Måndag varsla Norsk Flygelederforening (NFF) plassfråtreding for tolv flygeleiarar som jobbar ved mellom anna Flesland og Gardermoen.
NFF og Spekter/Avinor Flysikring har fram til midnatt natt til fredag på seg til å bli samde. Om ikkje blir det streik frå klokka 06.30 fredag morgon.
– Det er «no limits» for oss sånn sett i forhold til kor lenge. Men det er klart at det er ingen som ønskjer å ha ein langvarig konflikt. Så eg forventar jo at ein finn ei løysing. Og som alle andre så har vi eit håp om at vi skal finne ei løysing i meklinga til veka, seier leiar Robert Gjønnes i Norsk Flygelederforening til E24.
Ei konsekvensutgreiing frå Avinor Flysikring viser at konsekvensane kan bli store:
* Fredag: Forseinkingar på Gardermoen som aukar utover kvelden.
* Laurdag: Store avgrensingar og tidvis stengt luftrom over Vestlandet. Forseinkingar på Gardermoen.
* Søndag: Gardermoen stengd for trafikk mellom klokka 06.30 og 11.30. Store forseinkingar og kanselleringar er forventa. Konsekvensane kan spreie seg over heile landet.
* Måndag: Etterverknader av søndagen held fram med å prege trafikken.
Kva som skjer etter måndag, er ikkje kartlagt av Avinor Flysikring.
– Vi går inn i meklinga med eit tydeleg ønske om å finne ei løysing. Samtidig må vi førebu oss på at det kan bli streik, og vi gjer no nødvendige vurderingar for å vareta sikker drift og god informasjon til partane det gjeld, seier direktør Jan-Gunnar Pedersen i Avinor Flysikring i ei pressemelding.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #109867](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/LaceFLcNY9w.jpg)


0 kommentarer