Trump truar med å bombe Oman om dei står i vegen for Hormuz-avtale

av | 17. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK–NTB-Kenneth Kandolf Haug): USAs president Donald Trump seier USA skal «bombe driten ut av» Oman dersom dei står i vegen for ein avtale med Iran om Hormuzsundet.

Den kraftige utsegna kom i eit intervju med Fox News i samband med at våpenkvila mellom USA og Iran går ut om kort tid.

8. august uttalte Irans utanriksminister Abbas Araghchi at Iran og Oman nærma seg ein avtale om å opne Hormuzsundet utan amerikansk innblanding.

USA og Iran inngjekk ei våpenkvile i juni etter krig mellom landa gjennom våren. Landa forhandlar om å forlengje henne, men statusen til Hormuzsundet har vore eit svært vanskeleg tema. Store delar av olja og gassen i verda passerer gjennom sundet på veg mellom produksjonslanda rundt Persiabukta og verdsmarknadene.

USA og Oman har i utgangspunktet eit nært forhold, men Oman har prøvd å spele ei meklarrolle under krigen.

(©NPK)