Arbeidet med Stad skipstunnel startar neste år

av | 17. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): AF Gruppen startar bygginga av den første fullskala skipstunnelen i verda neste år. Kontrakten med Kystverket vart inngått måndag.

Kontrakten vart signert måndag i Kystverkets lokale i Ålesund. Han har ein verdi på om lag 5,6 milliardar kroner eksklusive meirverdiavgift, skriv Kystverket i ei pressemelding.

– Dette er ein historisk dag. Stad skipstunnel er eit prosjekt som har vore planlagt og diskutert i mange tiår, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

Stad skipstunnel skal gå 1700 meter gjennom Stadhalvøya, frå Kjødepollen i Vanylvsfjorden til Moldefjorden ved Selje.

Tunnelen blir 50 meter høg og 36 meter brei – stor nok til at fartøy på storleik med Hurtigruten kan segle gjennom. Tunnelen vil gjere det tryggare å segle gjennom vêrharde Stad.

Stortinget har vedteke ei kostnadsramme på 8,6 milliardar kroner.

Vegen fram til den første fullskala skipstunnelen i verda har vore lang. Prosjektet vart først skrinlagt av regjeringa, men vart teke inn att i det reviderte nasjonalbudsjettet.

Før det hadde prosjektet vore debattert i lang tid. Stortinget vedtok bygging av tunnelen i 2021 med forventningar om at prisen ikkje burde passere 5 milliardar kroner. I dag er han på nesten 9 milliardar kroner.

Byggjetida er berekna til om lag fem år.

(©NPK)