Det er forskarar ved SpedAims, Senter for spesialpedagogisk forsking og inkludering ved Universitetet i Oslo, som står bak studien som følgde barn frå dei var fem til dei fylte sju år.
– Det var først og fremst mobilbruken til foreldra og barns eigarskap til digitale einingar som viste ein samanheng med språkferdigheitene, seier postdoktor Junyi Yang.
Forskarane fann at éin ekstra time dagleg smarttelefonbruk hos foreldra var knytt til om lag 3,6 prosent lågare gjennomsnittleg vekst i ordtilfanget til barna kvart år.
Barna som eigde eiga digital eining, skåra 10 prosent under gjennomsnittet i ordtilfang og 12 prosent under i grammatikk.
I tillegg såg forskarane ingen tydelege samanhengar mellom kor mykje tid barna brukte framfor skjerm og veksten i verken ordtilfang eller grammatikkforståing.
– Tidlegare studiar har ofte fokusert på mengda skjermbruk åleine, medan innhaldet på skjermen og korleis skjermane blir brukte kan vere minst like viktig. Ein halvtime med pedagogiske aktivitetar saman med ein vaksen kan til dømes ha ei heilt anna betydning enn fleire timar med passiv underhaldning, seier Yang.
– Resultata viser at vi bør sjå på skjermbruk som ein del av det samla miljøet til familien, ikkje berre som eit individuelt val hos barnet, seier ho.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #109911](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/70BFKAsuAEQ.jpg)



0 kommentarer