– Mitt beste råd til dykk er at de må vere nøye med å passe på kvarandre. Hjelpe kvarandre i timen. Seie fine ting til kvarandre, og ikkje minst passe på at alle får lov å vere med i leiken, sa kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i talen sin til dei ferske førsteklassingane på Ullevål skule i Oslo på første skuledag måndag.
Så la ho til:
– Og sist: Alltid gjer som læraren seier. Tru meg, det gjer skulen til ein endå kjekkare og betre plass å vere for alle, sa ho.
Støre: – Ver vennen til dei andre
Nordtun troppa måndag opp på skulen saman med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) for å ta imot elevane og foreldra deira på den første dagen.
Statsministeren hadde også nokre oppmodingar til dei minste elevane:
– Ver greie med dei som er rundt dykk. Ver vennen til dei andre, dem de kjenner og dei de ikkje kjenner, sa han.
Dei fleste barna var veldig ivrige på å handhelse på statsministeren, kunnskapsministeren og rektoren, medan andre snudde seg sjenert vekk.
Støre ønskte elevane lykke til på vegen.
– Det er viktig for landet vårt framover at de får ein god skule, sa han i talen sin.
Ønskjer meir leik
Ullevål skule fyller 100 år i dag, og statsministeren kunne fortelje at hans eigen far gjekk der i ein periode under krigen.
– Eg trur alle foreldre og besteforeldre som er her i dag, hugsar første skuledag. Eg trur dette er ein dag de kjem til å hugse, sa han.
Støre gjorde det klart at regjeringa ønskjer at det blir meir leik på førsteklassingane framover.
– Vi skal få skulen til å bli ein endå betre stad. Vi skal få han til å verke slik meininga var. De skal ikkje rett inn på pulten nå. De skal også få oppleve leik og læring, og komme godt i gang på det lange skuleløpet som ligg framfor dykk, sa han.
Kunnskapsministeren hadde også ei oppmoding til foreldra:
– Sørg for å ha eit godt heim-skule-samarbeid heilt frå starten. Avklar forventningar, og gi læraren rom til å vere nettopp lærer, sa Nordtun.
Ho bad også foreldra om å fokusere mykje på lesing.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #109781](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/xWMJhTbVSpc.jpg)



0 kommentarer