Hundar kan forstå ansiktsuttrykka våre

av | 13. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-Reuters): Dei fleste hundeeigarar er ikkje i tvil, men no har også forsking stadfesta det: Hundar kan lese kjensler i ansikta våre.

Eit innblikk i hundehjernene har avslørt at menneskets beste venn altså kan skilje mellom kjensler i ansiktet til menneske.

Det har forskarar ved Universitetet i Wien funne ut, og dei beskriv det som det første beviset nokon gong på ei slik evne. Studien vart offentleggjord i IScience denne veka.

Forskinga involverte tolv hundar som sat heilt stille i ein hjerneskannar medan dei vart viste bilete av menneskelege ansikt.

Lyste opp

Bilete av glade, smilande menneske fekk eit hjerneområde knytt til påskjøning til å lyse opp av aktivitet.

Dette påskjønningssystemet er den delen av hjernen som blir aktivert når vi nyt og hugsar gode ting – som god mat eller ros.

– Det styrer motivasjonen vår – lysta til å gjere ting, forklarer hovudforskar Laura Cuaya.

– Dette funnet tyder på at glade ansikt, sjølv ansikta til framande, har ein positiv verdi for hundar, seier ho i ein kommentar til BBC.

Kan skilje

Cuaya og medforskar Raúl Hernández-Pérez undersøkte vidare korleis hundar reagerte på andre menneskelege kjensler – ved å vise hundane bilete av menneske som viste glede, sinne, frykt og tungsinn. Men påskjøningssystemet reagerte berre på glade ansikt.

– Hundar kan skilje mellom positive kjensler og alle dei andre, men dei ser ikkje ut til å kunne skilje mellom dei ulike negative kjenslene, seier forskar Hernández-Pérez, til BBC News.

Då forskarane såg på heile hjernen, fann dei likevel tydelege aktivitetsmønster som skilde frykt frå sinne og tungsinn. Det gir det første beviset på at hundar kan skilje mellom spesifikke negative ansiktsuttrykk.

Forklaringa er at hundar har utvikla seg saman med menneske over svært lang tid. Dei har vorte gode på å forstå uttrykka våre og samarbeide med oss.

– Å anerkjenne det kan endre korleis vi kommuniserer med og tek vare på dei, seier Cuaya til Reuters.

Andre signal

Forskarane planlegg no å undersøkje korleis hundar kombinerer andre signal – som kroppsspråk, stemmenyansar og lukt – for å tolke menneska rundt dei.

Dei håpar også å samanlikne korleis menneske- og hundehjernen behandlar dei same kjenslemessige signala.

Forskarane understreka at deltakarane i studien alle var kjæledyr frå familiar som hadde gode relasjonar til hundane sine. Dei påpeikar derfor at hundar utanfor slike omgivnader kan reagere annleis på menneskelege kjenslesignal.

(©NPK)