(NPK-NTB-AP): Minst sju menneske døydde i eit jordskred utløyst av monsunregn i den indiske storbyen Mumbai. Fire andre vart skadde i skredet, opplyser styresmaktene.
Skredet skjedde like før daggry onsdag, då ein skrent kollapsa over to eller tre hus i ei husklynge i forstaden Ghatkopar, fortel tenestemannen Tanaji Kambli.
I denne redningsaksjonen vart minst ti menneske henta ut av skredmassane og førte til sjukehus. Seks av dei, inkludert to barn og to tenåringar, vart erklærte døde då dei kom til sjukehuset. Fire andre vart lagde inn for behandling, opplyser Kambli.
Seinare vart endå ein død person henta ut. Lokale bebuarar seier at ein person framleis skal vere sakna etter skredet.
Indias vêrteneste seier det er meir monsunvêr i vente vest i landet, og folk som bur i flaum- og rasutsette område, blir bedne om å vere ekstra merksame.
(©NPK)



0 kommentarer