Trump stansar kjønnsstadfestande behandling av mindreårige

av | 12. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Ritzau-AP): Den amerikanske helseforsikringsordninga Medicaid vil slutte å gi økonomisk støtte til kjønnskorrigerande operasjonar og hormonbehandlingar for mindreårige.

Det skriv USAs president Donald Trump tysdag kveld på det sosiale mediet sitt Truth Social.

– Vi vil ikkje betale for at dei uskuldige barna våre går gjennom desse barbariske operasjonane og behandlingane, som påfører ufatteleg og uoppretteleg skade på dei unge kroppane deira, skriv Trump.

Trer i kraft i oktober

Presidenten skriv at han har bede Mehmet Oz, som er administrator for Medicaid, om å gjennomføre endringa.

Donald Trump peika i fjor ut Oz, som har ei fortid som programleiar for talkshowet «The Dr. Oz Show», som administrator for ordninga.

Ifølgje nyheitsbyrået AP trer dei nye reglane i kraft 13. oktober.

Minst 27 delstatar har allereie forbode kjønnsstadfestande behandling for personar under 18 år. Sjølv i delstatar utan forbod har mange sjukehus slutta å tilby delar av behandlinga. Kjønnskorrigerande operasjonar på barn er sjeldne. Pubertetsblokkarar og hormonbehandlingar er meir vanlege.

Kritikk

Endringa har ifølgje AP utløyst kritikk frå organisasjonane GLBTQ Legal Advocates & Defenders og Human Rights Campaign, som begge kjempar for rettane til skeive.

– Trump-administrasjonen terroriserer transpersonar og familiane deira med slike tiltak, og det må stoppe, seier Kelley Robinson, som er leiar for Human Rights Campaign, i ei fråsegn ifølgje AP.

Trump-administrasjonen har innført ei rekke tiltak som påverkar transpersonar. Til dømes vart ei rekke helseføretak og føderale etatar instruerte om å unngå ord som «kjønn» «transperson» og «LHBT».

(©NPK)