Netanyahu møter Trump – kan bli stormfullt

av | 28. juli 2026 | 0 kommentarer

(Nils-Inge Kruhaug-NTB-NPK): Forholdet mellom Donald Trump og Benjamin Netanyahu er anstrengt, men tysdag møtest dei to for første gong sidan dei gjekk til angrepskrig mot Iran.

– Kva i helvete driv du med, skal Trump ha ropt til den israelske statsministeren under ein telefonsamtale i byrjinga av juni.

Bakgrunnen var at Netanyahu då trappa opp angrepa mot Libanon, stikk i strid med våpenkvileavtalen USA hadde inngått med Iran.

– Du er faen meg galen. Du hadde vore i fengsel om det ikkje var for meg. Eg reddar ræva di. Alle hatar deg no. Alle hatar Israel på grunn av dette, rasa Trump ifølgje nettavisa Axios.

– De kan ikkje

Visepresidenten i USA J.D. Vance følgde opp nokre veker seinare.

– De kan ikkje berre drepe dykk ut av alle nasjonale tryggingsproblem de støyter på, var den klare bodskapen hans til Netanyahu og regjeringa hans.

Han viste til drap på sivile i Libanon av Israel, og kravde at landet slutta opp om forsøka til Trump på å komme fram til ei fredsløysing.

– Israelarane er nøydde til å respektere denne fredsprosessen, sa Vance.

– Ei lita usemje

Pressa fekk ikkje vere til stades under møtet mellom Trump og Netanyahu tysdag, men Trump stadfesta tysdag morgon overfor Fox News at forholdet mellom dei er noko anstrengt.

Ifølgje Trump planla Netanyahu under møtet å leggje fram ny etterretning om eit av dei iranske atomanlegga i håp om å få USA til å bombe det.

– Bibi fortel meg det fordi han vil at eg skal halde fram med å vere involvert, la han til, og brukte kallenamnet til den israelske statsministeren.

– Vi har ei lita usemje, sa Trump.

Upopulær krig

Møtet mellom Trump og Netanyahu skulle ifølgje informerte israelske kjelder eigentleg ha funne stad tidlegare i månaden, men vart då avlyst av Det kvite hus.

Iran-krigen trekkjer i langdrag og er svært upopulær i USA. Berre kvar tredje amerikanar støttar krigen, ifølgje ei ny Ipsos-måling.

69 prosent meiner også at Trump ikkje har gitt noko godt svar på kva som er målet med krigen, og det same meiner fire av ti i hans eige parti.

Det er dårleg nytt for Republikanarane få månader før mellomvalet, der partiet risikerer å tape fleirtalet sitt i Kongressen.

Håpar på opptrapping

Trump vil derfor snarast mogleg få slutt på krigen, som han ifølgje informerte kjelder meiner Netanyahu lokka han med på under løfte om at han ville bli kortvarig og resultere i regimeskifte i Teheran.

Netanyahu håpar derimot at USA skal trappe opp angrepa mot Iran og på nytt la Israel delta, skriv Liza Rozovsky i ein kommentar i Haaretz, den israelske avisa der ho er diplomatisk korrespondent.

Israel går også til val i haust, og meiningsmålingar tyder på at den ytterleggåande høgreregjeringa til Netanyahu kan ryke på eit tap.

Oppfatninga i regjeringskontora er at risikoen for valnederlag er mindre dersom iranske rakettar truar.

Nye utspel

Før avreisa til USA kom Netanyahu med to utspel som han håpar skal blidgjere Trump.

Tryggingskabinettet hans opna for “ein internasjonal styrke frå vennlegsinna land” på Gazastripa, og vedtok også å sleppe inn den palestinske komiteen som i samsvar med planen til Trump skal overta styringa der etter Hamas.

Komiteen har likevel gjort det klart at dei ikkje aktar å overta før dei israelske styrkane som i dag okkuperer nærare 70 prosent av Gaza har trekt seg ut, noko ingenting tyder på at dei planlegg å gjere.

Etter press frå USA gjekk Netanyahu førre veke med på tilbaketrekking frå ein av dei mange landsbyane som Israel okkuperer i Sør-Libanon, men dei israelske angrepa held også der fram.

(©NPK)