(NPK-NTB-AFP): Fjorten arbeidarar som dreiv ulovleg gruveverksemd i Sør-Afrika, døydde i eit ras i ei nedlagd gruve, opplyser politiet.
Dei fleste av dei omkomne er frå nabolandet Lesotho. Politiet seier dei fryktar at fleire kan vere sakna under bakken etter ulykka nordvest for Johannesburg.
– Åtte personar er lagde inn på sjukehus, og eit ukjent tal ulovlege gruvearbeidarar kan vere fanga under bakken, seier talsperson for politiet Adele Myburgh.
Det er fleire tusen uregistrerte gruvearbeidarar i Sør-Afrika. Mange av dei finkjemmer nedlagde gruver i jakt på gull og andre mineral, ofte under farlege forhold.
(©NPK)




0 kommentarer