Bustadbrann i Lund i Rogaland under kontroll

av | 12. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Brannvesenet har kontroll på brannen på Moi i Lund kommune. Brannen førte til ein kort stans i togtrafikken på staden.

Nødetatane rykte like etter klokka 5 ut etter melding om brann i ein einebustad på Moi. To personar som var i huset, kom seg ut.

Bustaden ligg nær toglinja, og togtrafikken vart ein kort periode stansa i samband med sløkkingsarbeidet. Klokka 5.53 vart det meldt at brannmannskapa hadde kontroll på brannen, og at togtrafikken kunne starte opp igjen.

Kort tid etter byrja det å brenne i ein søppelkonteinar rundt ein kilometer i luftlinje frå den første brannen. Politiet etterforskar begge brannane, men har så langt ikkje grunnlag for å seie om brannane er påsette eller har ein samanheng.

(©NPK)