250.000 er evakuerte sørvest i Frankrike, og 75.000 er evakuerte rundt storbyane Madrid og Valencia i Spania.
Brannvesenet slit framleis med å få flammane under kontroll i Frankrike. Dei strekkjer seg over mange kilometer, men ifølgje lokale styresmakter er situasjonen akkurat no stabil i området.
Rundt 42.000 hektar i Gironde – eit område på storleik med heile Oslo kommune – har vorte offer for flammane sidan onsdag.
– Dette er ein brann av ein storleik vi aldri har sett før, seier Jerome Steffe, ordførar i Cestas, måndag morgon. Cestas er ein av forstadene like utanfor Bordeaux, og tusenvis av innbyggjarar og feriegjester har måtta evakuere frå området.
Førebels ikkje aktuelt å evakuere sjølve Bordeaux
Brannane braut ut førre veke nær Atlanterhavskysten og er no 15 kilometer unna innfartsårane til Bordeaux.
Bordeaux-ordførar Thomas Cazenave seier det ikkje er planar om å evakuere dei meir urbane områda rundt byen, der 850.000 menneske bur og tusenvis av brannfordrivne har funne ly.
Innanriksminister Laurent Nuñez seier at det akkurat no er mellom 30 og 40 skogbrannar i landet, og at forholda er svært ugunstige fleire stader.
Rammer viktig industriområde
Det franske forsvarsdepartementet opplyser at det har sett i verk særskilde tiltak for å verne industrianlegga rundt Bordeaux, som er eit viktig senter for romfarts- og luftfartsindustrien i landet. Det franske teknologi- og programvareselskapet Lectra har opplyst at dei mellombels stenger anlegget sitt i området.
Situasjonen blir ikkje betre av at temperaturen i Bordeaux vil stige til 37 grader seinare denne veka, ifølgje prognosar frå den franske meteorologitenesta.
President Emmanuel Macron har kalla inn til eit krisemøte i regjeringa måndag for å diskutere situasjonen.
Spanias største brann
Spanias statsminister Pedro Sánchez kjem til å besøkje brannramma område i Valencia måndag. Rundt 15.000 menneske har vorte evakuerte frå dette området.
Samtidig opplyser styresmaktene i Madrid at dei vil la nokre av dei som vart evakuerte på grunn av skogbrannane nær Madrid, få vende heim.
Styresmaktene planlegg å gjenopne ein campingplass der 4500 personar har vorte evakuerte frå, og også la eldre bebuarar vende heim i eit anna område rundt hovudstaden.
Vinden driv skogbrannane nær Madrid sørover og bort frå hovudstaden førebels, ifølgje styresmaktene, men dette tvingar fram nye evakueringar av landsbyar som dermed kjem i faresona.
Brannane som rasar i Ávila og Madrid kan dermed ikkje sjåast som heilt under kontroll, skriv avisa El País, som også skriv at brannen i Ávila no er den største i Spanias historie, med 50.000 ramma hektar.
Flykta sjøvegen i Italia
Også over 400 personar i Italia vart evakuerte til sjøs søndag då ein skogbrann ramma delar av den sørlege Adriaterhavskysten.
Den italienske kystvakta opplyser at fleire hundre turistar og lokale innbyggjarar i Cala Manacore i Puglia-regionen hoppa i sjøen for å komme vekk frå flammane då dette var den einaste fluktmoglegheita.
Fleire fartøy frå kystvakta, politiet og båtar frå private deltok i evakueringa. Ein talsmann frå kystvakta seier til nyheitsbyrået AFP at dei reknar med at 300 til må evakuerast.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #103046](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/4CTTPahEqzI.jpg)



0 kommentarer