Frankrike blir ramma av ny hetebølgje

av | 10. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Endå ei hetebølgje kjem snart til å ramme Frankrike, den femte så langt i sommar, ifølgje det meteorologiske instituttet i landet.

Météo France åtvarar om at temperaturen frå og med tysdag igjen vil komme opp mot 40 grader søraust i Frankrike.

Allereie i mai vart Frankrike og fleire andre europeiske land ramma av den første hetebølgja i år. Sidan har det gått slag i slag med éi hetebølgje i juni og to i juli.

Varmen og ein svært nedbørsfattig sommar har bidrege til omfattande skogbrannar, langvarig tørke og nye temperaturrekordar. Tusenvis av menneske har døydd av vêrrelaterte årsaker.

(©NPK)