Tangen om oljefondet: Kan forsvinne

av | 11. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Oljefondssjef Nicolai Tangen ser ikkje bort frå at heile fondet på over 22.000 milliardar kroner kan forsvinne dersom spesielle forhold skulle tre inn. Det sa han då han opna årets finanstale under Arendalsveka tysdag.

Under tittelen «Oljefondet kan forsvinne, og det er mer sannsynlig enn vi liker å tro» opna Tangen talen i Kulturhuset i Arendal tysdag ettermiddag. Han trekte fram korleis nordmenn i 2026, som er året til totalberedskapen, har vorte vand til at nesten ein firedel av statsbudsjettet kjem frå årets avkastning.

– For å setje det litt meir i perspektiv: 25 prosent av statsbudsjettet svarer omtrent til det vi bruker på alle norske sjukehus, heile folketrygda, samferdsel, høgare utdanning og forsking til saman, sa Tangen.

Han drøfta vidare om Noreg var førebudd på at store delar eller heile oljefondet ein dag kan forsvinne.

– Kan oljefondet bli borte? Svaret på det spørsmålet er ja. Og det verste er at i den verda vi lever i no, så er ikkje det heilt usannsynleg. Det finst ikkje noko land i historia som over tid har klart å halde på ein så stor formue. Formuar går alltid tapt til slutt, sa Tangen.

(©NPK)