Knusktørr vegetasjon og skyhøge temperaturar gjer arbeidet med å avgrense den enorme skogbrannen som herjar i Frankrike stadig vanskelegare, melder Reuters tysdag.
Det er venta temperaturar opp mot 37 grader i det sørvestlege Frankrike i dei kommande dagane, ifølgje det meteorologiske instituttet i landet, Meteo France. Dette er den fjerde hetebølgja i Frankrike så langt i år.
– Situasjonen vi står overfor i dag, er den mest alvorlege vi nokosinne har registrert. Den tøffaste sidan andre verdskrigen, sa president Emmanuel Macron då han besøkte det brannherja området måndag kveld.
Brannmannskapa har lykkast med å kontrollere brannen gjennom natta, men situasjonen er svært krevjande, ifølgje senator Nathalie Delattre i Gironde, der byen Bordeaux ligg.
Det brenn også i Landes, departementet sør for Gironde. Ifølgje president Macron skal denne brannen no vere «under kontroll, men framleis truande». 30.000 personar vart evakuerte frå området då brannen braut ut. 15.000 av dei kunne vende heim måndag kveld, ifølgje AFP.
Til saman har 220.000 personar vorte evakuerte frå dei enorme skogbrannane i Frankrike. 420 kvadratkilometer er på seks dagar svidde av i Gironde, eit område fire gonger så stort som hovudstaden Paris.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #103585](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/iBzO3cwgigI.jpg)



0 kommentarer