Nytt helseregelverk i EU kan koste norske kommunar dyrt

av | 10. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): EUs nye helsedataforordning (EHDS) kan medføre ekstra kostnader for norske kommunar på opptil 1,6 milliardar kroner dei neste to åra.

Det viser ein rapport frå Menon Economics, gjort for KS, for å kartleggje kva konsekvensar det kan få å innføre EUs nye helsedataforordning (European Health Data Space) i Noreg.

Rapporten viser at gevinstane ved eit felles lovverk føreset stor innsats og inneber nye forpliktingar for kommunane. Det vil bli krav til meir strukturert dokumentasjon, tilpassingar i fagsystem, opplæring og endra arbeidsprosessar. Kommunane får også eit utvida ansvar som helsedatainnehavarar.

I første fase er kostnadene rekna til mellom 656 millionar og 1,6 milliardar kroner. For Noreg samla sett kan dei samla kostnadene fram til 2029 bli opptil 3,3 milliardar kroner.

Rapporten rår kommunane til allereie no å starte det systematiske arbeidet med eigne journalsystem, stille klare krav i anskaffingar og byggje nødvendig kompetanse for å møte dei nye forpliktingane.

Fleire fordelar

KS støttar det felles regelverket, fordi det kan bidra til betre samhandling i helse- og omsorgstenesta.

– Men det føreset ein del arbeid før vi kjem dit. Vi er bekymra for dei økonomiske og administrative konsekvensane i ein allereie pressa økonomisk kvardag for kommunar og fylkeskommunar, seier områdedirektør for forsking, innovasjon og digitalisering i KS, Kristin Weidemann Wieland, i ei pressemelding.

På kort sikt vil den nye lova gjere kvardagen litt lettare og litt tryggare, til dømes om ein har behov for å hente ut medisinar på resept på reise i Europa.

På lang sikt vil ei forordning gjere det lettare å forske på alle moglege sjukdommar med helsedata frå ulike land. Det vil vere spesielt viktig for sjeldne sjukdommar, der det er få tilfelle i kvart enkelt land, men der samla tilfelle i Europa kan gi betre svar.

Skal løyse KI-floka

I juni uttalte helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) at EHDS er eit av dei mest konkrete prosjekta for å løyse KI-floken i Europas helsevesen. KI-floka er utfordringane helsesektoren får ved bruk av kunstig intelligens for å effektivisere og forbetre pasientbehandling.

KI-bruken vekkjer alvorlege bekymringar knytt til personvern, pasienttryggleik, juridisk ansvar og etikk. EHDS-regelverket skal sikre trygg og effektiv deling av helsedata på tvers av landegrenser.

Helse- og omsorgsdepartementet har eit forslag til ny lov på høyring, med frist 28. september i år. KS vil bruke rapporten i høyringssvaret sitt og i dialogen med regjeringa og Stortinget.

(©NPK)