(NPK-NTB): Eit skred har ramma grenseområdet mellom Nepal og Tibet onsdag. Skredet vart utløyst av eit jordskjelv, ifølgje lokale medium.
105 indarar er blant dei sakna, ifølgje nepalske turiststyresmakter. Også turistar frå USA, Storbritannia og Malaysia er blant dei sakna.
Eit jordskjelv har forårsaka eit is- og jordskred som har utløyst ein flaum, ifølgje lokale medium.
Skredet som ramma Tibet, hende rundt klokka 10.30 lokal tid i grenseområdet mellom landa i Himalaya.
Minst ni personar er omkomne i Nepal, ifølgje ein talsperson for politiet. Det er også mange døde eller skadde menneske i Tibet, melder det statlege kinesiske nyheitsbyrået Xinhua.
Vegar er sperra, straumen er gått, og kommunikasjonslinjer er brotne, ifølgje Xinhua.
Det amerikanske jordskjelvinstituttet USGS har meldt om eit jordskjelv med styrke 4,4 i regionen.
Jordskredet vart utløyst på nepalsk side og førte til store skadar og mange sakna ved knutepunktet Gyirong Port i Tibet, melder den statlege kringkastaren CCTV.
Bhotekoshi-elva fløymde over, og fleire landsbyar skal vere øydelagde. Innbyggjarar er også bedne om å halde seg unna elvane Trishuli og Naryani.
Kinas president Xi Jinping har bede om at alle ressursar blir sette inn i redningsarbeidet, og visestatsminister Zhang Guoqing er på veg til staden.
(©NPK)



0 kommentarer