USAs oljereserve på lågaste nivå på 43 år

av | 11. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-TT): Førre veke krympa USAs strategiske oljereserve til mindre enn 300 millionar fat. Det er det lågaste nivået sidan januar 1983.

Statistikk frå Energidepartementet måndag viser at reserven var på 298,7 millionar fat, 6,1 millionar mindre enn veka før, melder CNBC. Til samanlikning ligg Noregs samla produksjon på rundt to millionar fat per dag.

Etter at USA og Israel innleidde krigen sin mot Iran i slutten av februar, gav president Donald Trump i mars ordre om at 172 millionar fat skulle frigjerast. Fleire andre land tok liknande grep. Målet var delvis å stabilisere oljemarknaden og gjere opp for at mykje av olja frå Persiabukta ikkje lenger kom ut på marknaden.

Førebels er det ingen klar veg ut av konflikten, og dei globale oljelagera er hardt pressa som følgje av krigen.

(©NPK)