Undersøking: Sju av ti unge er bekymra for krig og krise

av | 6. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Nær sju av ti ungdommar er bekymra for at det kan oppstå kriser som krig, pandemi eller økonomisk uro, viser ei ny undersøking frå Barneombodet.

Over 1500 ungdomar i 9. klasse har svart på spørsmål om beredskap i undersøkinga kalla Barnebarometeret.

– Barn og unge følgjer med på det som skjer i verda. Dei forstår meir enn mange trur, og dei er bekymra. Derfor må regjeringa ta desse funna på alvor og sørgje for at barn og unge blir involverte i beredskapsarbeidet på ein god og trygg måte, seier barneombod Mina Gerhardsen i ei pressemelding.

Meir enn halvparten, 56 prosent av ungdomane, svarer at dei får for lite informasjon om korleis dei kan vere førebudde på ei krise. Undersøkinga viser at unge ønskjer tilpassa informasjon og informasjon dei kan stole på.

I undersøkinga kjem det fram at trygge og førebudde vaksne betyr mykje. 61 prosent seier at det er det viktigaste for å dempe uro i ein krisesituasjon. Samtidig ser ungdom seg sjølv som ein ressurs i kriser – meir enn åtte av ti ungdomar ønskjer å bidra.

– Dette viser kor viktig det er at styresmaktene legg gode planar for korleis beredskap og krisehandtering skal formidlast til barn og unge på ein truverdig og trygg måte. Barn og unge skal aldri vere i tvil om kvar dei finn viktig og rett informasjon om krisesituasjonar og beredskap, seier Mina Gerhardsen.

(©NPK)