(NPK-NTB): Møtet mellom Fellesforbundet, Parat og NHO Luftfart er i gang hos Riksmeklaren. Laurdag kan det bli streik hos SAS dersom samtalane ikkje fører fram.
Medlemmene i både Fellesforbundet og Parat har stemt nei til den framforhandla tariffavtalen for kabintilsette i SAS. Fellesforbundet har varsla at dei tek ut 468 medlemmer i streik frå og med laurdag morgon.
Parat tek ut 175 kabintilsette i ein eventuell streik, 40 av desse frå og med laurdag, opplyser kommunikasjonssjef Trygve Bergsland til TV 2.
På møtet hos Riksmeklaren skal dei drøfte situasjonen, ifølgje Fellesforbundets kommunikasjonssjef Bettina Thorvik.
– Samtidig førebur vi oss på streik, seier Thorvik.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #106558](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/ttTI5BofBdQ.jpg)



0 kommentarer