Nintendo: Nettoresultatet hoppa over 50 prosent

av | 6. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-AFP): Nintendo tente langt meir enn venta i første kvartal i år. Sterkt spelsal og refusjon av amerikanske tollavgifter løfta nettoresultatet med 53,5 prosent.

Selskapet rapporterte om eit nettoresultat på 147,4 milliardar yen, tilsvarande 8,9 milliardar kroner, i perioden april–juni. Dette er ein auke på 53,5 prosent frå same periode året før, og var dobbelt så høgt som analytikarane hadde venta.

Resultatet er ifølgje selskapet drive av auka videospelsal og ein gevinst knytt til tilbakebetaling av amerikanske tollsatsar.

Nintendo trekkjer fram livssimuleringsspela «Tomodachi Life: Living the dream» og «Pokémon Pokopia» som viktige drivkrefter bak resultatet.

Samtidig er salet av Switch 2 på veg ned. Nintendo ventar å selje 16,5 millionar konsollar i år, noko som er ein nedgang på rundt 17 prosent frå i fjor.

(©NPK)